
Da var snart søndagen over, og nok ei ny helg er over. Tida går so altfor fort, og Mathias er allerede 10 mnd. Denne helga har me slappa av og kosa oss her på Hamar. Eg har hatt fri sidan fredag, noko som gjorde godt for kropp og sjel. I går var me handla litt i byen, mens idag har me gått tur og vore på Peppes og ete pizza.
Ellers er Mathias som regel snill, men me merkar att han blir meir og meir aktiv for kvar dag som går. Når han leikar på golvet kan me ikkje sleppa han av syne lenger. Han klatrar opp på alle moglege plassar, der tv benken er den store favoritten. Når me prøve å setja han i reisesenga slår han seg vrang. Ein kan undra seg kvar han har fått sinne frå då verken eg eller Stine er hissige av natur. Han får også meir og meir sin eigen personleghet. Han veit kva han vil, og det er lett å sjå på han når han vil ha mat. Han sovna fortare om kveldane no pga aktiviteten på golvet. Prating og mumling går i eit når han får det slik han vil.
Tirsdag kjem Janne og Ronny på besøk til oss og det blir kjekt. Mathias gler seg nok til å sjå andre folk enn mamma og pappa.
Kjem me oppdatering i løpet av veka.
2 kommentarer:
Hei på dikka.Fine bilder igjen og sjå kor kry han er når han har sko på seg?Kven vil stengast inne i leikegrinda da,er no vel meir spennande ting på golvet.Ha ein fin kveld.
Oss på Tangen
Hallo på Hamar.
Kjekkt med nye bilder. Ser ut som det er rett før han "tek steget" ut i verden. Blir vel fleire blåe skallar før han finn balansen? Ser fram til å sjå dykk att.
Oss på Voddladn
Legg inn en kommentar