lørdag, april 26, 2008

Dugnad i barnehagen.

Etter ein periode med fantastisk vær, kom regenet tilbake i ettermiddag. Det har faktisk vore sol kvar einaste dag sidan forrige onsdag!! Kan ikkje hugsa sist det var sånn her.. Helga vår blir brukt til dugnad i Mathias sin barnehage. Ikkje drømmehelga akkurat!!! Så i dag har me vore og måla tak og veggar i timesvis, og så er det på an igjen kl 10 i måro tidlig! Men, det er jo litt sosialt med grilling og ein blir jo betre kjent med dei andre foreldrene i barnehagen! Mathias og dei andre ungane har susa rund i heile dag og beundra gravemaskina og traktoren som blir brukt på dugnaden!

No nærmar det seg besøk att, og det skal bli kjekt! Onsdag kjem the Øren family og sidan det for ein gongs skuld blir lengre enn ei helg skal me kosa oss ekstra mykje:) Det blir til og med tid til ein shoppingtur til Charlottenberg. Oddny har beordra oss avgårde for å kjøpa frys slik at me får plass til alt svenskekjøttet, he, he.. Så da er me ikkje seine å be:) Mathias har vel ein liten mistanke om at det blir ein pakke eller to på han og, så han gledar seg i alle fall til gjengen kjem!!

Ellers er me veldig klare for tre poeng på heimebane i morgon, og me skal så klart på Briskeby og heie!

Ha ei fortsatt flott helg alle sammen:)

Mathias kosar seg på dugnad:

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hm, høyrtes ikkje akkurat ut so drømmehelgi nei! Her går d i lesing og jobbing, men i måro bli det eit avbrekk for å feira bursdagen t Julie:)Tvi tvi for kamma og tøffe sko gulle hadde på seg!;) Fortsatt god helg...klem

Anonym sa...

Hei igjen!Ja no ser me fram te nokre fine dagar på Hamar.Skal no fyrst feira 2års dagen te Mathias,og da må det bli pakkar.Ellers skal me berre slappa av og kosa oss sammen.Håpar kampen vert bra idag so me kryssa fingrane.Snakkast
Tangingane

Anonym sa...

Ja, det er ein snasn kar i flotte kle og sleke moderne sko.. skal ikkje stå på det!
Gledar oss masse til tur.. endeleg! :o)
Ha det fint så lenge..

Heia HAM KAM!
*kjake frå J&H