søndag, mai 04, 2008

Deilig, lang helg!!!

Da var gjestene våre vel heime til Årdal, og Mathias har sove ei god stund allerede. Eg sit her og ventar på Tommy som er på veg heim etter nok eit surt tap på bortebane. No må det snart snu!!! Det blir som de ser lite blogging i veka, så de får ta til takke med nok ein "oppsummering" av veka og helga:)

Besøket vårt kom onsdag, og me hadde gleda oss til fint være og være masse ute og kose oss! Kosa oss har me gjort, men sola kom først i dag:( Typisk!! Me har rukke å ta ein harrytur, og eg kan skriva under på at frysen vart full, he, he.. Trur Hanne og Joacim hadde det trongt mellom alle posane i baksetet på veg heim:) Sjølv om været ikkje var topp fekk me no grilla laurdagen, gooood mat!!

Mathias er så glad når han får familie på besøk, og som vanlig var det trist å sjå dei reise.. Han ville nok helst vore med ein tur til Årdal, og sette seg klar i baksetet! Tårene trilla, men ein dupp i vogna med kosen gjorde susen. Etterpå måtte me ringa og snakka med mormor og morfar og, sånn at han hadde kontrollen på alle:) Må gratulere Sverre med vel overstått, det var bra at pakken passa!!

Me hadde forresten ei nesten-krise på laurdag da ole brumm-kosen forsvant i byen!! Eg fekk litt dårlig samvittighet, for innsatsen for å finna den kunne vel vore bedre.. Derfor vart det ein ny kos på Mathias, så no er det bamse-kosen og klovne-kosen som må vera med i senga!

Litt bilder fra helga: Me kan ikkje ta æren for alle, Joacim har vore ute med kamera han og!! Her ser me den nye sykkelen Mathias fekk hjå farmor og farfar, Mathias og Joacim som studerer pusen bak gjerdet, og litt anna fra helga..






Sjølv om helga er over, blir det ein ekstra kosedag på meg og Mathias i morgon. Det er planleggingsdag i barnehagen, så da har eg teke fri fra jobb og skule så me kan finna på noko kjekt!!

Ha ei fin veka alle sammen!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ser ut so d ha kost dikka, sjølv om været ikkje ha vore d beste...her går d i lesing me fyste eksamen to daga unna! Ska bli godt me sommarferie no, so eg kan få tatt meg ein hamar tur og...sakna dikka veit du;)
Stor klem

Anonym sa...

Ja det va kjekt å få telefon frå Mathias, der han fortalte både om ny blå sykkel og at Ham-Kam spelte mot Fredrikstad!! Vart vel ikkje heilt enig med seg sjølv om det va pappa eller "Makkus" som hadde skåra men:) Her har dagane gått unna, eg ha jobba heile helga og gledar meg til ein fridag i morgo, tirsdag. Gutane har vore på Åsete og feira bursdag med fjelltur og vedhogging! Ser at de ha kosa dikka med helga alle saman, og me her heime veit ko kjekt det e å komma til dikka på Hamar. Håpa det byr seg ein anledning att snart!

Ha det godt alle tre :)

Anonym sa...

Hei igjen og takk for ei koseleg helg.Fint at me kan samla fam.Øren og,for det er sjelden.Ja du snakka meg om nedlest bil heimatt,og so hadde me jammen fått me skinka dikkars og!!Synd eg ikkje fekk på Plantasjen,men da sa Hanne stopp:-)
Ha ei fin veka alle tre
Tangingane

Anonym sa...

Hehe.. ei skinka her og ei skinka der..
Skulle vel noko til å holda styr på alt harrykjåtet!
Takk for nokre kjempe koslige dagar - me saknar dikka allereie!
No ser me fram til sommar og grillings..

Kos dikka alle sammen - og ja, Ham Kam må snu trenden..stå på, heiaheia :o)

Klem Hanne og Joacim