lørdag, mai 17, 2008

17.mai feiring i 2 grader og sludd!!









Dagen idag kunne ha starta bedre, me våkna faktisk til sludd og knappe 2 varmegrader. Ein ser ikkje akkurat fram til å gå i barnetog da, men me kledde oss godt og reiste til byen. Toget var unnagjort på 40 min, og me tok turen heim etter det.

I to tida reiste me ned til Odd Ivar og Anita,( eit vennepar frå barnehagen). Der venta det god grillmat og noko attåt saman med fam. Ringberg og Pettersen. Ungane storkosa seg me pølser og brus og leika fint saman. Tida flyr i godt lag heiter det i ordtaket, og godt ut på kvelden rusla me heimover. Ein kjekk dag var over og vetle Mathias var trøytt og sliten etter ein lang dag.

Her er nokre bilder frå dagen i dag, og nokre bilder av Mathias ute i finværet forrige veka..

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ser no ut på bildene som om dagen har vorte slik som 17 mai skal vera, med is leik og moro! Me har hatt ein avslappande dag, litt trøytt etter natteravnvandring i går natt. Men me har gått i tog, vore på kafe og kjøpt kaffi og kaker og ellers kosa oss heime. Fredrik troppa opp i findressen og har vore ute med kameratar stort sett heile dagen - også han trøytt etter "lokkisfesten" i går. Lite populært med muttra gåande heile natta, men han tok det fint......
Ha ei fortsatt fin helg på Hamar, og god bedring til Tommy : )

Gjengen på" vodlane"

Anonym sa...

So masse kjekke bilde! Høyres ut so d ha hatt ein super dag trass ein kald start:) Gleda meg veeeldig t å komma på besøk no, mindre enn 1mnd t;) Min 17.mai ha gått i lesing og avslapping inne, mens Ronny og Matheo ha vore å kost seg i byn... me snakkast å ha d fint så lenge!!! klem klem

Anonym sa...

Detta var mange flotte kodak moments :o)
De er dyktige fotografar begge to, og snasne på bilda var de alle tre..
Me frå Flotane penthouse tok dagen svært roleg, og fekk med oss syttande mai feiringa på NRK1 med kongefamilien og mykje kaldt vèr.. og smugkikking bak rullegardina på soverommet høyrer også med da folket tok turen forbi blokki her..hehe..
Det blir nok fyrste og siste året!

Ellers kosa med oss på tangen med god grillmat og mykje godt i glaset..
No vonar me sommaren syner seg igjen, fort.. me lika ikkje heilt denna skarpe lufti :)
Ha ein finfin søndag!

Hanne og Joacim

Anonym sa...

Så fine bilder av dere. Kjempe fint bilde av deg og mathias, Stine!!!!
Bra med dere ellers? Her er det full fart.

Klem fra Cecilie og jentene