lørdag, august 09, 2008

Endelig hage:)

Etter litt arbeid ute kan me no endelig skryta av at me har hage utanfor huset:) Med god hjelp av Joacim og Hanne og våre gode naboar har me ordna til bed og hekk!! Ein klar forbetring eller hur??


Sidan sist har eg og Mathias hatt ein super tur til Bergen og besøkt Janne og Ronny. Så klart regna det, men me kosa oss masse!! Og det var veldig stas å køyra fly og tog. Då me kom heim hadde me besøk av Daniel, Heidi og vetle, søte Sebastian. Mathias syntes han var veldig liten, og gjekk og nussa og kosa på han dagen lang:)

I går hadde me besøk av storken, bokstavlig talt:)Den sat i ei mast utanfor huset i fleire timar og tok seg ein dupp på eitt bein. No er ikkje fuglekunnskapane våre store, men stork er vel eit rimlig sjeldent syn på desse trakter (trur me..)


I morgon er me klare for kamp igjen og kryssar fingrane for seier denne gongen. No kan me verkeleg trenge tre poeng! Mathias er klar til å setta Briskeby på hovudet og tømma kiosken...

6 kommentarer:

Anonym sa...

So fint dikka ha fått d! Ekje so "hagen" vår detta nei...
Me kryssa fingrane t kampen i kveld:)
klem

Anonym sa...

Hagen va fin ja,godt jobba! Takk til Mathias for kosleg tur på lysstøyperiet med mommo og morfar, der me åt is og sjokolade og såg på alle rare lysa.Mathias valgte seg ut eit fint trollys. Litt verre vart det når det plutselig dukka opp nokre isbjørnar som lea på seg -det vart skummelt.....Sovna på fanget til morfar under kampen mot Tromsø gjorde du og, håpar det blir litt meir liv på både deg og spelarane i dag!! Lykke t alle tre, så snakkast me forhåpentleg vis neste helg : )

mommo og morfar

Anonym sa...

Detta blei jo reint flott til slutt!!
Dikka er flinke...godt med det som er gjort ;)

Det virkar som de har hatt mykje å gjort den siste tiden!
Me føler nesten at hausten er kommen...da var den sommaren over, det går så altfor fort!

Etter to helgar med sprell og litt for mykje godt i glaset, skal det bli deilig å komma i gang att med daglege rutinar og gjeremål!

Men me utnyttar denna dagen til det fulle, med råtings på sofaen og litt pizza Joa lagar, me har diverre ingen raud pizzabil som bakar - hehe..
Heia Kamma!

Klem H&J

Anonym sa...

Sjå der ja!Detta blei so fint at.Flink å skriva er du og Stine,so eg får meg ein god latter.Tørr ikkje sjå fotballkampen,men tek ein sykkeltur i regnveret.Me kryssa fingra og føte!!!
Haugavegen

Tommy & Stine sa...

Ja, eg trur Mathias hadde ein super dag med mommo og morfar! Lyset er allerede både tent og blåst ut, he, he.. Veldig stas med ditt eige:)Dessa isbjørnane trur eg derimot har vore skumle, for han våkna hylskrikande i går kveld og babla om nokon bjørnar.. Rart ke som festa seg!!

Anonym sa...

Jøss, eigen hage ja. Den var fin, er ikkje mykje so skal til sjølv om det alltid vert nok arbeid :) eg ha skrudd Ikea-møble på harde livet. Bånn, men slike er det no ein skal handla billig!! Hihi, neida, IKEA er best! Eg sa til Ronny at Ikea skulle hatt eigne folk so trilla vognene til deg, slik at ein berre kunne peika på det ein ville ha!! Genial ide eller??

klem fra
Yvonne