I går hadde eg og Mathias vaffelfest på føremiddagen, og klemte i oss minst 10 kvar med syltetøy. Ingenting slår nysteikte vafler:) Eg er jammen heldig som har ein så flink "hjelpekokk" når eg skal laga mat, he, he.. Synd han ikkje er like link til å hjelpa med oppvasken!!
I går kveld vart me invitert på middag hjå familien Ringberg. Deilig mexikansk mat, og brownies-kaka til dessert (Hanne-oppskrift), nam, nam.. Me kosa oss masse, og er vel litt trøytte i trynet i dag.. Elliot hadde fullt kaptein Sabeltann utstyr, og det måtte jo Mathias få låne:
Ellers må alle ha ei super helg og kosa seg med OL! Det skal i alle fall me:)
4 kommentarer:
So kjekt å sjå at d kosa dikka, tvila ikkje eit sekund på at d åt ti vafle kver:) me ha huset fullt av besøk. I dag ska Trine heimatt, sjøl om me kunne ha tenkt oss at ho va her t i måro! Tippa me sler ut håret litt i kveld å so e d skule at mandag:) god helg! klem
Åh tenk å fått smaka på vaflane dikkars.Me på Tangen slappar og av i helgi,men imorgo vert det kanskje ein fjelltur?Det vart jo meldt det fine veret,men soli uteblir.Ha ei fin helg alle sammen
Haugavegen
Dikka er nokon finingar er de, men kunne godt tenkt oss å sjå litt bileter av dikka (føresette) og!! Så me ikkje gløymer korleis de ser ut :)
Her er det ei svært roleg helg også, og det er så godt å ikkje gjera noko som helst!!
Fortsatt god helg godt folk, og nyt dagane før kvardagen med rutinar og plikter er tilbake!
H&J
Så va helga over med nattskift og lite soving! Er litt "bakpå"" fremdeles, men det går vel over med ein fridag i morgo:)
Ser ut so de ha brukt frihelga t masse kos - lurt å vera i ro heime, sjølv om me saknar dikka her! Dagen i dag har vel vore starten på eit nytt skule- og jobbår for oss alle. Fredrik er fornøgd med dagen, og gledar seg til i haust med nye spennande fag!
Ha ei fin veke alle tre, med skule, barnehage og fotball : )
Mommo
Legg inn en kommentar