Som vanlig går ferien minst like fort som kvardagen, så i går var me tilbake på Hamar igjen. Me hadde ein veldig koselig påskeferie, først ein dag på Tangen og deretter helga i Fardalen. Skal me ta ei rask oppsummering kan me vel gjere det sånn: Mat, drikke, snop, mat, snop, ganske dårlig vær og litt meir snop. Innekos etter vår smak med andre ord:) Det vart lite skigåing, men det får me ta att ein annan gong. Mathias fullførte påskerennet på akebrett med morfar Sverre, og det er nok like greit!!
So er me nok ein smule misunnelig på dei som kosar seg på Lanzarote, men trøstar oss med fint vær her og.. Nesten all snøen er vekk, så no er det kjekt å tilbringa tid ute. Må berre få resten av praksisen ferdig, så kan me begynna å vaska veranda, vindu og møbler. Gjere oss klare til sommaren:) God veka!!!!
1 kommentar:
Ja påsken er over, og me gamlingane vart att ein dag på hytta - og fikk dermed oppleva den einaste soldagen i påskehelga!! Nydeleg ver på verandaen med ei god krimbok og masse kaffi, da minna det om påskestemning,... og litt farge i kjakane fikk me og : )
Men no e kverdagen her igjen, men snart helg att og da ber det til Førde på UKM ! Kjeda oss, nei det rekke me ikkje. Snart ha Mathias bursdag og det gledar han seg nok til, med pakker og god kake ; )
Snakkast. Stor klem til alle tre.
Legg inn en kommentar