Sidan Tommy skal vekk på dagen til Mathias tok me feiringa eit par dagar på forskot. Då Mathias vakna i dag tidlig, opna han augene og spurte om festen var begynt! Tydlig at han hadde gleda seg til selskapet i dag. Og jammen vart det kjekt!! Masse besøk og gaver, kaker og godteri, akkurat som ein bursdag skal vere:) Her er litt bilder fra kalaset:

Me begynte med gaveopning rett før frokost!! Mathias fekk Sabeltannbåt hjå oss, Spidermanntelt og figurar hjå oldemor og oldefar og stilig Politi-sykkelhjelm hjå tante Hanne og onkel Joacim. Han var VELDIG fornøgd!!

Inni det tøffe teltet. Helst ville han sove der i natt!! Vart flittig brukt i selskapet.

Ingen tvil om kven som er helten. Tommy holdt på å bli spinn galen av alt maset og dei "hjelpande" hendene då båten skulle monterast.

Her er alt klart til pølsefest, med Lynet McQueen tallerkar, pappkrus og serviettar. Fint å berre kunne kaste alt når selskapet var over!!!

Måtte prøve meg på ei kake, og vart ganske fornøgd med resultatet. Sjørøver-skute-sjokoladekake med gelevatn:)

Så flau vart bursdagsbarnet når gjestene sang bursdagssangen!! Men, det gjekk fort over...
Alle oppførte seg så fint og me hadde det veldig koselig!! Mathias fekk radiostyrt bil, racerbil og mann, dumper-lastebil og Jungelboken-film. Og når gjestene var gått og alt var rydda, slokna han utan dei heilt store protestane. Ein bra dag med andre ord!!!
3 kommentarer:
Ja du er flink å baka kaker, Stine - den va skikkeleg tøff!! Me skulle så gjerne ha vore der med dikka på bursdagsfesten, men me får ta det att når me treffest. Ser ut som hovudpersonen hadde det heilt topp og det er det vktigaste.
Ha ei fin veke alle tre, så kryssar me fingrane for Tommy og Ham-Kam på tirsdag!!
Slek er det når me får oppmerksomhet,da blir noken og kår flaue.Tenk og få so mykje fint da,og kaka er jo kjempefin.Håpa det er at ein bete,so me får smaka den fredag?Håpar Ham-Kam vinn i morgon,det blir spennande.Me ringer goguten imorgon,so me snakkast(blei mykje håpar detta men men.....)
Haugavegen
Hei der på ein tirsdag. Fyrst vil me få takke for ei koseleg påskehelg. Alltid kjekt å treffast. Spesielt kjekt at Mathias og Didrik kosa seg.
Me på Nordstrand vil få ynskje Mathias so masse til lykke med dagen i dag. Me kryssar og fingrar for at Ham-Kam får putta på fleire mål enn det sogndølene greier. Stor bursdagsklem frå Didrik, tante Bjørg og onkel Arne og så Jesper da:-)
Legg inn en kommentar