I dag måtte manken til Mathias til pers, og han har fått sin første guttesveis:) Han vart veldig fornøgd sjølv, så da får me vel berre vera det me òg.. Såg ut som dei hadde klippa minst èin sau, golvet var fullt av hår!!
Finværet held seg her, og no nærmar det seg ferien med stormskritt!! Me gledar oss til Tønsberg, Kiel og kanskje ein Hamartur! Deilig å kunne ta ting litt som det kjem:)
Malin storkosar seg med mindre klede og med leiking ute.. Graset er no godkjent, så ho fyk rundt etter nye skattar å putte i munnen. Snuppa vår har rukke å bli 10mnd, og viser faktisk så smått litt temperament!!! Skulle vel berre mangle med den hårfargen:) På bildet smattar ho i seg smaken fra den tomme ispinnen til Mathias. Ho står nedfor og smattar og slevar når han et is, ikkje tvil om at ho veit kva det er.
No er Tommy på veg heim etter cup-seier over Molde. Super måte å avslutte før ferien! Var GOD stemning i bussen, ja.. Eg har baka bollar til sommarfest i barnehagen i mårgon, blir nok ein smakebit elelr to etterpå.. Mens eg legg sammen dei 7 maskinene med tørre klede som har hopa seg opp. Finværet går ut over husarbeidet;)
Ha ei super helg alle sammen, så bloggast me etter ferien!
1 kommentar:
Heia SOGNDAL!!!! ;D
Det var fantastisk moro..
Såg ut for at Molde verkeleg hadde teke tidleg sumarferie... !
Alt kler den smukke og store gullet var kjempe snerten på håret.. grønt og pønkartøff :D
Må le av den vetle snella og, ikkje verst at ho byrjar å å syne kva ho vil og ikkje..
Må de kosa dikka masse på ferie og nyta dagane - så kryssar me fingrane for at temperaturane og soli held seg.. sjølv om det ser litt dystert ut for helga og fjord til fjell!
God ferie folkens!!!
Stor klem her i frå :*
Legg inn en kommentar