Me hadde ein super ferie, og fekk gjort det me hadde planar om. Tønsberg, Kielbåten fra Oslo og Hamar på vegen heim. Været kunne absolutt ha vore hakket bedre, men alt i alt kosa me oss masse:)
Tommy sin ferie er jo så kort, så han er jo for lengst i gang att for fullt. I dag reiste han til Moss for kamp i morgon, og mommo var her og henta Mathias for ein mini-ferie i Årdal. Trengst det av og til:) Ho kom i går kveld, så eg og Tommy fekk oss ein tur på date:) Koselig!
Malin er ikkje heilt i slag for tiden:( Me var i Bergen hjå Janne forrige veke, og da vart ho sjuk med feber og litt hoste.. Det gav seg ikkje, og viste seg å vere halsbetennelse. Fekk medisin, men i dag var det feber att. So leie me bli av det!! Er eit par jekslar på veg òg, så ikkje så rart at det må kosast og bærast litt ekstra..
Siste par dagane har det vore sommar her, faktisk, så me har fått vore ute og kosa oss. Litt i overkant lummert og heitt kanskje.. Var 25 grader på soverommet ista!! Men, me klagar IKKJE når me fyrst får sjå sola!
Sidan eg er aleine i kveld, skal eg nyte stillheten og ete opp alt godteriet i skuffene.. Prøve meg på litt kjøkkenplanleggig kanskje, eller berre glane på tv.
Og det er vel obligatorisk me eit par bilder av mini1 og mini2:
2 kommentarer:
No e goguten på besøk hjå mommo og morfar, me kosar oss masse!! Leika ute i hagen i heile går, og ei stund saman med naboungane Fredrik og Sofie. Grillmaten gikk ned på høgkant, i tillegg til eit par isar....I dag står bassenget for tur, så me håpar sola held seg framme. No e det stille i huset, nokre søv (morfar og Fredrik-sistnemde har vore på 12 timars natt..) og Mathias kosar seg med barnetv. Håpar vesle Malin snart blir kvitt feber og kan bli med på overnattingsbesøk til mommo og morfar : )
Ha ein fin dag i Songdal
Helsing mommo
So kjekt og sjå at goungane våre!Trur Malin har arva "halsgenene" til Ørenklanen,men det vil no visa seg.No har me vorte grilla i ei veka,so det var nesten godt med litt regn i dag:(
I morgo er det påan igjen,men me har masse ferie tilgode.Håpar Malin er bra att og Mathias har fått i bassenget.Sogndal vann i dag og,so detta må bli ei fin veka:)Snakkast
Me i Haugavegen
Legg inn en kommentar