..og tok ein tur på stranda i dag. Hadde det kjempekoselig!! Hadde heile stranda for oss sjølve, så me kunne gjere som me ville. Vart ikkje bading, men det var toppen likevel. Lene, Krisitan og Simen kom og var med oss ei stund, gutta prøvde å fylle Sognefjorden med stein. Dei klarte det nesten. I går hang med med dei i parken heile dagen og gutane avslutta med bading i fontena på torget. Høyrer dei lurer på kvar alt vatnet blir av? Hadde med meg ein del heim eg..
Veka har gått svinfort! Familien Pettersen tok turen heilt fra Hamar for å besøke oss, og sjølv om været kunne vore bedre håpar me at dei kosa seg like masse som oss. Mathias fekk seg til og med ein liten campingtur saman med dei. Gledar oss til me får større plass, så me kan invitere til overnatting heime:) Er forresten IKKJE lenge til me er i gang med oppussingen no. Grugledar meg! Drøymer om panel, maling og tapet om natta.. Underbevisst stress kanskje?
No sit eg og egentlig skulle sjå vm-finalen, men måtte finne på noko anna for å unngå sovne. Malin var hysterisk før ho sovna i kveld, så måtte bysse ho i søvn i fanget. Fyrste gongen faktisk! Håpar det berre er varmen, og at ho ikkje blir sjuk att.
Tommy sit og "kosar" seg på bussen heim fra Bryne. I ei lang rekke av borteturar i det siste.. I dag er nok turen heim heilt ok, men tre poeng og mål i bagasjen:) Mathias var så stolt at han dansa rundt i stova. Goingen:) Kjekt å vera Sogndal-supportar for tiden!
Ungane har vore ein draum å vere aleine med i helga, kunne ikkje fått det bedre! Må vel ha beste ungane i verden vel? Ja, er nok ingen tvil der.
Ha ei knakandes god veka alle:)
3 kommentarer:
So kjekt de har hatt det.Bra at ungane viser seg fra si beste side no når de er så mykje åleine. Mommo har nok følt litt på det at ho ikkje er heime og kan hjelpe til litt. Men det ska me ta att snart ;)
Me har det topp i Fredrikstad. God mat, god drikke og sol..kan ikkje hadet betre!!
Snakkast-sende ein god klem
Mommo
Godt å sjå at d kosa dikka, sjølv om sola godt kunne vist seg litt hyppigare!
Me kosa oss på Sørlandet...ha hatt noken fine daga, sjølv om d regna litt i ny og ne! I dag va me i dyreparken og Matheo ha forvandla seg t Langemann...kanskje dukkar d opp eit postkort t Mathias ein av dagane óg?:D
Gleda meg t å sjå dikka om ikkje så alt for lenge (både Sogndøle og mams+paps)!!!:)
klem <3
So fine bilder:) Saknar dåkke og gledar oss til du og malin kjem på besøk:)Flott m sogndal og kjekt m mål for tommy:) KLem
Legg inn en kommentar