Sidan me ikkje tok turen heim, har me planlagt ei heilt rolig helg på Hamar. Godt å berre ha fri og ingen spesielle planar!! Mathias har vore heime eit par dagar på grunn av planlegging i barnehagen, så da har me prøvd å finna på litt småting. Sommaren er på hell og mandag er det på an igjen med jobbing og skule for min del. Håpar me får att litt fint vær, sånn at me ikkje plutselig må finna fram boblejakka.
I går hadde eg og Mathias vaffelfest på føremiddagen, og klemte i oss minst 10 kvar med syltetøy. Ingenting slår nysteikte vafler:) Eg er jammen heldig som har ein så flink "hjelpekokk" når eg skal laga mat, he, he.. Synd han ikkje er like link til å hjelpa med oppvasken!!



I går kveld vart me invitert på middag hjå familien Ringberg. Deilig mexikansk mat, og brownies-kaka til dessert (Hanne-oppskrift), nam, nam.. Me kosa oss masse, og er vel litt trøytte i trynet i dag.. Elliot hadde fullt kaptein Sabeltann utstyr, og det måtte jo Mathias få låne:

Ellers må alle ha ei super helg og kosa seg med OL! Det skal i alle fall me:)