torsdag, oktober 19, 2006

Torsdag og snart helg igjen



Torsdagen er snart over, og fy so tida går. Høsten er for alvor komen til Hamar, då det regnar og er mørkt nesten heile tida. I går opplevde me snø her også, sjølv om det aldri la seg på bakken. Mathias var idag på 6.mnd kontroll og dei sa han var ein frisk og sunn baby. Junior sovna 20.30 idag noko som må vera ny rekord. Normalt skal han slita oss ut fram til 23.00 men han har vel funne ut att me treng litt aleina tid me også.

No blir det tv på meg mens Stine sit i sofaen og heklar..Morro!!!
To bilder av Mathias også, eit der han ikkje er so veldig blid, og eit der han skjønnar att me tar bilde av han..

Snakkes

fredag, oktober 13, 2006

Harrytur til Sverige





Denne veka har vore innholdsrik, der me har fått gjort masse ting. Onsdag var me av Olsen og fruen på middag, noko som alltid er koselig. Torsdag var me og ordna pass til Mathias då me reiser til Tenerife i november. Etter det drog me bort på shopping senteret og handla litt.

I dag har me vore på harrytur til Sverige. Me reiste i dag tidleg til Charlottenberg, ein fin liten tettstad nær Kongsvinger. Køyreturen tok ca 1 t og 50 min og Mathias var snill, sjølv om han bæsja ut alle kleda sine.
Når me kom fram var me ikkje dei einaste frå Norge, det krydde av kjøpelystne nordmenn der. Dei fleste er der for å handle billig mat, drikke og tobakksvarer. For å sei det enkelt, det var me også.

I bilen heim var det masse kjøtt, kylling, snus, colaboksar osv..lista vart lang....
No blir det ein roleg fredagskveld framfor tv skjermen, og med tacopai på middagsmenyen.

Ha ei triveleg helg.....

P.S: Bildene er frå gårsdagens bading av Mahias og ein glad kar me sine nye leiker no ikveld.

mandag, oktober 09, 2006

Mandagsnytt






Lite å skriva heim om idag, men får rabla litt ned her. Har hatt ei trening, som føltest tung ut men det gjer vel alt ein gjer på mandagar. Ellers var me på vår siste babysvømming me Mathias idag, og det gjekk fint. Framover no styrer me sjølv når me drar i bassenget, så det er berre å ta med badebukse neste gang ein kjem på besøk.

No er middagen på veg ned i skrotten og min 1m og 88 cm lange kropp ligg godt nede i sofaen. Der har eg tenkt å bli liggande ei stund også.

Snakkes..

søndag, oktober 08, 2006

Nydeleg Søndagsvær





Høsten er her,men idag har det vore nydeleg vær her på Hamar. So fint at me tok oss ein lang gåtur på formiddagen. Ellers har me vore slappe og stort sett ete mat og kulan på sofaen. Søndagar er normalt ein bånn dag, mest fordi ei ny veke står for tur, men også alle dessa reprisane som tv kanalane visar.

I måro ventar ei ny veke med masse nye bilder.

Snakkes

lørdag, oktober 07, 2006

Helgefri





Denne helga har Tippeligaen fri pga landskamp i kveld mot Hellas.
Me trente ei økt igår før me fekk fri for helga, og det gjer godt. Anders er på besøk i helga, og me var ein tur på byen igår. Det var ikkje mykje liv i byen so me var ikkje so seine heim. I dag skal det ikkje bli gjort mykje, kun nyta lørdagen slik som alle andre. Kan og fortella att eg var på Rena Leir med resten av laget på torsdag. Der fekk eg køyre tanks i skogen, noko som var fantastisk moro. Makan til monster skal ein leite lenge etter. Me rappelerte også ned fra eit tårn som var 36 m høgt. Litt småredd i starten men det gjekk no bra.

Mathias er som vanleg snill og både han og Stine har tatt seg ein blund no, mens eg sit her og ser ut på det dårlege været. 8 grader, vind og HØST.

Me snakkes

tirsdag, oktober 03, 2006

Kveldskos i Vanglivegen






Klokka nærmar seg snart 21 her i Vanglivegen, og forsatt er alle i familien våkne. Mathias har vore snill idag, og mens mamma Stine var og trente grein han ikkje ein gang. Normalt pleier han det når sjefen i huset let att døra. Eg tok derfor nokon bilder når han leika seg på golvet.

I dag har eg vore å spelt golf på Elverum og det gjekk ikkje so veldig bra, men fy so morro. Me leigde oss golfbilar idag noko som gjorde godt for trøtte bein.

Ellers kjem det to vennepar på middag imåro og det blir kjekt. Godt å samlast litt av og til me litt mat og eit par kalde. Stine styre på kjøkkenet no, og det luktar gulrotkake lang veg..nam nam.

Ellers lite nytt og skrive heim om, men har tatt nokon bilde ikveld som dykk kan kosa dykk med..

Bye bye

mandag, oktober 02, 2006

Ny veke med masse spennandes bilder..







Helga er over og ei ny veke står for tur. Stine og Mathias kom begge heim igår kveld etter å ha vore heime i årdal ein tur. Det var kjekt å sjå dei begge igjen. I dag har me vore på babysvømming, og det er kjempemoro. Mathias kosar seg når han badar, sjølv om han er litt skeptisk når me har dukka han under vatn. Me har vore 7 gongar på babybadinga no, og me har lært korleis me skal behandle Mathias i vatnet. Alle babyer har ein lukkemekanisme fram til dei er ca 8 mnd. Det gjer att det er ufarlig for dei og dukke under vatn. Eg held Mathias me begge armar, under armane hans og dreg han under. Når han kjem opp igjen viftar han me armane, men er like glad. Espen Olsen som eg spelar med her i Ham Kam er også med på babysvømminga( sjå bildet). Han og sambuaren Lene fekk Kristian litt over ein mnd etter Mathias vart fødd. Kristian likar seg veldig godt i vatnet han og. Kanskje desse to blir nokon svømme stjerner om nokre år??

Ellers er det frihelg neste helg, noko som alltid er godt. Stadheim kjem ein tur på besøk og det blir veldig kjekt. I måro er det ei trening, og etter den blir det ein tur til Elverum for å knuse Espen, Steve og Ringberg i golf. Kjem me ny update imåro, da me nye spennande bilder..

fredag, september 29, 2006

Fredag og tid for helg




Fredagen er halveges, og treninga unnagjort. No ventar sofaen og eit kaldt glas me Pepsi Max. Stine og Mathias er heime i Årdal i helga, so det er ikkje mykje å ta seg til. I går såg eg ein elendig fil (Date Movie), og den er ikkje verdt å bruke 50 kr på. I dag blir det Lasagne på meg, jauda eg kan lage mat eg og. Fredag betyr og tv titting og det er mykje godt bra å sjå fram til idag. Skal vi Danse går samtidig som Beat for Beat, so ein får sjå kva ein velge.

I helga ventar Vålenga på Ullevål, ein tøff kamp men ingen umulighet og ta med seg tre poeng heim. Eg får lada opp batteria godt og gjere mitt beste.

Som igår, her kjem eit visdomsord for dagen: Tenk positive tanker,
Bruk positive ord.
Gjør positive handlinger
og det positive gror.

torsdag, september 28, 2006

Visdom og Gode Linkar



Teller du år blir livet kort,
teller du dager, går livet fort,
teller du timer, varer livet en stund,
men lengst varer livet
om du nyter hvert sekund.

Man må tenke på hva man sier,
så man plutselig ikke sier hva man tenker.


Her har eg samla nokon gode linkar..sjå her.. Mat og her er ein
Funny Clips


og so tar me eit bilde til av godguten...

Nye Bilder





Her kjem nokon fleire bilder..

Barcagutten




Mathias har fått seg ny Barcelona drakt av Bestefar og Bestemor i Øvre. Den blir nok godt brukt framover.
Etter mykje krøll er dette min nye blogg..