tirsdag, februar 24, 2009

Gullmedalje til gullongen:)

Endelig var Mathias på føtene og full av futt igjen!! Han kom seg i barnehagen i dag akkurat tidsnok til å få med seg vinteraktivitetsdagen. Masse snø, ski, aking, grilling og morro!! Var ikkje mykje om og men ved leggetid i dag, nei.. Og jammen vart det ikkje gullmedalje etter skirennet! Mathias sjekka, og det var ekte gull:)



No er det Tommy stakkars som ligge rett ut med feber på LaManga uten noken til å måla feberen og trøste.. Håpar han kjem seg snart!!!

I eit ubevokta øyeblikk hadde Mathias fått tak i speilreflekskameraet, og med hjertet i halsen prøvde eg og la vere å skremme han så han skulle sleppe det i golvet. Derfor måtte han få prøve å ta bilde han og, ellers hadde det blitt lek. "Jeg har det nå, mamma!!!!!" Viss du ser vekk fra det noget anstrengte motivet, så klarte han å finne bra fokus syns eg:)



Det er no forresten så koselig at de legg igjen ein kommentar til oss, alltid kjekt å lesa ke de styre med:) Fortset med det!!! No får eg fortsetta med skulearbeidet, ellers spøkar det for Årdalstur på torsdag;) Verste eg veit er tidsfrister!!!!

Me snakkast:)

lørdag, februar 21, 2009

Laaange innedagar..

Ja, ja.. Feberen er tilbake i huset, no har Mathias vore sjuk sidan me henta han i barnehagen på onsdag. Ikkje særlig prega av det, stakkar, men feber og hoste og tett nase tyder vel på ein aldri så liten influensa. Håpar han er bra igjen til mandag, så eg får sett i gang med alt eg skulle ha gjort av skulearbeid forrige veke. Heldigvis er han verdens snillaste, og me har no kosa oss og funne på litt forskjellig inne.

Føler at eg driv og klagar over denna snøen heile tida, men no er eg så lei!!! At det aldri tar slutt?!? Særleg kjedelig er det når me ikkje får vere ute i det heile tatt, berre sitte inne og sjå ut. Håpa temperaturen held seg på normalnivå i neste veke og, sånn at me i alle fall får gått litt på ski og gravd litt etter gull. Ja, før snøen i hagen vår er nemlig full i gull:)

Tommy reiste i dag tidlig, og er trygt framme på LaManga. Sikkert godt å få konsentrera seg 100% om fotballen ei stund før det brakar laus med ein ny sesong. Men me kjem no til å sakna han her heime da.. For å få tiden til å gå håpar me å få t ein Årdalstur neste helg, om ikkje været over fjellet blir heilt gale.

Som sagt er det lite action, og lite bilder tatt dei siste dagane. Ingen av oss er vel særlig fotogene etter så mange dagar uten frisk luft, he, he.. Men, her er litt av det me har dreve med:

Hatt grimasje-konkurranse. Av ein eller anna grunn fekk ikkje Mathias meg til å henga på linsa, så da vart det han som vann..


Me har laga oss kose-mat. Ostesmørbrød!! Nam, nam, sa kokken. Han bestilte 3 stk, og var mett etter eit bet..


Kledd oss ut. Kaptein Sabeltann og spøkelse(dyna) var vel egentlig det me hadde, så det var ikkje morro så lenge. Mathias pressa seg inn i tigerguttkostymet fra karnevalet i fjor, men måtte melda pass..


Kos dikka det vetle som er att av helga, i måro er det bollebaking og fastelavn på vår plan:)

lørdag, februar 14, 2009

Snø og sol:)

Endelig har me vel det me kan kalla perfekt vinter. I dag mens Tommy var i Lillestrøm og spela kamp, kosa me oss ute i sola. Det var så fint at det gjekk (nesten da i alle fall..) an å sole seg på verandaen:) Etterpå hadde me raude roser i kjakane og storkosa oss med laurdagsgodtet vårt;)



Ha ei fortsatt fin helg, og for nokon heldiggrisar er det vel kanskje vinterferie..

søndag, februar 08, 2009

Flott helg med besøk!

Da har årdølene sett seg i bilen og vendt nasen heim. Vart så stille i huset med ein gang, he, he.. Me har hatt det heilt supert i helga, så koselig at alle fire besteforeldrene har vore her på likt!! Masse god mat, kos og leik:) No sit me i sofakroken og det går mot nok ein mandag.. Rart med dessa helgene kor fort dei går!

Det har snøa uten stopp omtrent heile helga, så her er det i alle fall full vinter. Tommy, Sverre og Stein Kåre har vore på skøyte-vm, mens me andre har handla litt og slappa av. Mathias og bestemødrene har kosa seg ute i snøen lenge i dag! Trur Mathias kunne tenkt seg å hatt besteforeldrene her heile tida!! Me og forresten.. Har tatt lite bilder fra helga, men her er nokre:


Dessert høyrer med etter eit godt måltid. Lite som slår sjokoladesaus som stivna på isen:)


Pappa sto for maten lørdagskvelden, fantastisk vilt-gryterett!


Eit lite bad må til i løpet av helga.. Stas med såpeskum kjøpt på såpebutikken!

tirsdag, januar 27, 2009

Løvenes konge!

Når eg skulle henta Mathias i barnehagen i går, var han ikkje der!!!! I steden måtte eg ta med meg denna skumle løva heimatt...



I kveld sovna løva med feber og hoste, så da vert det nok ein heimadag att i måro... Håpar det går fort over denna gongen og!!!

søndag, januar 18, 2009

Ein blånisse i hagen vår....



Endelig er det komme litt snø oppå all isen, og me kunne ut i hagen og prøve skia Mathias fekk til jul!! Kan ikkje skjønne ke morfar meinte når han sa at Mathias ikkje var tolmodig, for i dag hadde han slått ken som helst i sporet;) Me dreiv på lenge ute i hagen og laga masse skispor. Det vart eit par små fall, men mest latter og "Se på meg mamma!! Jeg er sjempeveldig flink!!!"




Rolig bursdagsfeiring...

Bursdagsfeiringa mi gjekk stille og rolig føre seg, akkurat slek eg villa ha det:) Tusen takk for alle koselige helsingar, meldingar, gåver og telefonar!! Må nett berre legge ut eit par bilder av middagen.. Kan det bli bedre???




tirsdag, januar 13, 2009

Juletrefest litt på etterskot...

I barnehagen blir juletrefesten arrangert etter jul, så søndag var me avgårde for å gå rundt juletre, helsa på nissen og eta masse kaker!! Koslig og bråkete:) I fjor vant me alt av det som var av premiar, men i år vart det INGENTING!! Dårlig.. Ikkje ein liten kaffipose ein gong!!

Mathias storkosa seg i alle fall, var raud i kjakane og sveitt i toppen når me reiste heim. Eit par kaker hadde han klart å få ned og;) Det var faktisk stor stas med nissen, han turde til og med ta i mot godtpsen sjølv. Nissen fekk vel hverken smil eller takk, men det var eit stort framsteg fra å springa hylande og gøyme seg!

Eit par bilder...



lørdag, januar 10, 2009

Godt nytt år, folkens!!!


Ja, da har det vel strengt tatt vore Luciafeiring her på bloggen lenge nok? På tide med ei oppdatering fra det spennande(?) livet vårt, kanskje:) Håpar det fremdeles er nokon som kikkar innom bloggen likevel:)

Kort oppsummert har me vore heime og hatt ei super julefeiring, rolig og avslappande akkurat sånn som me hadde tenkt oss!! Mykje tid med familien, fekk tatt att litt for at me ser dei så sjelden ellers. Nyttårsafta vart feira med den flotte gjengen vår i Sogndal, og det er alltid lika kjekt å treffast. Skulle ønska det vart oftare!!

Sjølv om det er godt med ferie, er det alltid godt å komma heim og i gang att med kvardagen.. Me har allerede vore gjennom eit lite utbrudd av spysjuka, harde treningsøkter og ein eksamen. Og plutselig var det helg igjen.. I måro står årets juletrefest i barnehagen for tur, og det blir spennande å sjå om Mathias blir kompis med nissen:)

I dag har det vore nydelig vintervær her, og Tommy og Mathias kosa seg ute i barnehagen med akebrettet. Det ser ut som det blir mildare framover, så me får kosa oss ute før sørpa og isen overtek..

Håpar alle har ei flott helg!! Og heilt til slutt.. HIPP HIPP for jubilanten i dag; Hannemori!!!!

Eit par bilder fra jula og..


Mathias og Matheo leikar med verdens kulaste båt. Var nok ein som var litt misunnelig på denna presangen!!


Sjefen hadde full kontroll på alle presangane!! Var veldig flink og masa ikkje noko særlig på å få åpne faktisk!!


To blide ansikt på juletrehogst med Sverre og Tommy på vetlejulafta. Godt med litt kvikklunsj og kakao i Fardalen.

mandag, desember 15, 2008

Lucia dagen i Barnehagen!!





På fredag feira Mathias og dei Lucia dagen i Barnehagen. Mathias kalla den lusina dagen og såg fram til å gå i tog rundt barnehagen. Han vart veldig skuffa da det ikkje var noko ekte tog der, då det var det han trudde dei skulle gå rundt.

Mathias hadde heller ikkje lyset so mykje i handa, han ville heller ha det i munnen sin..

Stine les no til siste eksamen før jul, Mathias kosar seg i barnehagen medan eg trenar litt og gjer husarbeid..hehehe

torsdag, desember 11, 2008

tirsdag, desember 09, 2008

9. Desember og snart Jul...




Jula nærmar seg med stormskritt, og her går no dagane. Stine er på jobb, og Mathias kosar seg i barnehagen. Etter ei fin veke heime i Årdal, kom me heim til minus 10 grader og masse snø. Blir litt meir julestemning når snøen ligg og det blir litt lysare ute.

Stine skal ha ein eksamen til før jul, mens eg tar livet me knusande ro. Mathias er mest opptatt av å få pakke kvar dag no, helst fleire om dagen, men han har no skjønt att det er kun ein pakke kvar dag fram til julafta.
Var på besøk av Yvonne og Ronny når me var i Årdal, og dei hadde ein fin tv benk, som me måtte kjøpa me og. Etter eit par timar me jobb igår kveld var den ferdigstilt. Litt omøblering måtte til i stova men eg syns det vart fint eg.

Ha ein fortsatt fin dag...

mandag, november 24, 2008

Tur i skogen.

I går snørte me på oss skoa og tok oss ein tur i skogen rett bak her me bur. Mathias sin barnehage har ein gapahuk i skogen, så Mathias viste oss vegen til den! Flinke guten sa ja uansett kva retning me peika i, men etter ein liten omveg fann me fram til rett plass:) Ellers er det fint lite som skjer her, surt og kaldt og innevær. Prøver å få lest litt til eksamen, men manglar ein god del motivasjon. Håpar det kjem seg etterkvart. Viss nokon har litt til overs, send det gjerne hitover, he, he

No skal Mathias snart på sin første ferie i Årdal uten mamma og pappa, noko som blir veldig spennanda.. Mest for oss kanskje? Men sidan me skal kosa oss hjå Christian og Janicke i England, går nok tiden fort!!

Her er eit par bilder fra skogsturen vår:





Tok ein del som vart finare, men det skal brukast til julekort!! Da kan me ikkje ha det her:) Ha ei fortsatt fin veka!!

søndag, november 16, 2008

Ny helg overstått..

Ja, da var enda ei helg over. Me har kosa oss veldig med besøk av Oddny og Stein Kåre. På planen har det vore flesketur til Sverige, besøk hjå naboane og besøk fra Lene, Espen og Kristian. I går kveld var eg og Tommy på fest hjå Camilla og Marius, superkjekt!! Men, var trøytte og tunge i håve i dag kan du sei:) Fy, så godt det er å ha barnevakt i blandt!!!

Her er litt bilder fra dei siste dagane:

To søte og trøtte kompisar som ikkje hadde sett kvarandre på lenge. Litt sjenerte, men etterkvart leika dei fint! Koselig å treffa att familien Fredriksen Olsen:)



Mathias kosar seg med puslespelet han fekk hjå farmor fordi han bæsja på do!!



Handukstativet er ein flott mikrofon, he, he..



No tel me dagar ned til Englands-tur, eksamen og julefeiring! Skal bli fint å komma seg vekk på tur litt:) Så synes me det er artig at Kåre har fått seg data, reknar med at me får mail og håpar på kommentarar på bloggen:) Lykke til med "datakurs":)

torsdag, november 06, 2008

Byggmester Bob og sønn:)

Her er det tåkete og felt om dagane, så med held oss stort sett inne i varmt og godt hus. For at ikkje me skal sovna på sofaen alle sammen, så lyt me finna på forskjelllige kjekke ting! I dag bygde me både sirkus og slott og hadd det veldig morsomt! Ein blir vel aldri for gammal til å bygga med klossar?? I måro står helga for døra, og jammen skal det bli godt. Eg har siste dagen i praksis og Tommy si første helg med fri etter ein lang og heller trist sesong... Da fortjena me eit par avslappande dagar:) GOD HELG!!


lørdag, november 01, 2008

1. november!

Enda ein mnd unnagjort, litt nærmare både jul og sommar:) Me har tenkt oss ei svært så rolig helg her på Hamar, kosa oss og lada opp til ein spennande kampsøndag. I dag har me hatt ein lang morgon i pysjen, sett barne-tv, bygga klossa og leika med bilar.





Her forresten alt godteriet me hadde kjøpt til dei som IKKJE kom på Halloween i går.. Og denna skåla er større enn den ser ut!! Blir ein prøvelse å ha alt detta i skapet:)



Mathias ønsker alle ei god helg: mmmmmmmmmmmmmsssssssssssttttttttttTTTMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMMLLLLLGGGYYYYUYYYYYYYÅ
ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅEEEEEMATHIASSSDFGHKKKLØØÆÆ@@@@@RYYYUUUUUIIIII
OPŨ¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

Finst ikkje noko meir morsomt enn å få trykka på dataen:)

onsdag, oktober 29, 2008

Årets fyrste snø:)

Sjølv om me ikkje er så himla glad i snø, er det alltid litt stas med den første snøen. I dag kom det nesten 10 cm på ei lita stund! Etter middag måtte me derfor ut å basa litt rundt:)




Etterpå smakte det godt med litt kakao til kvelds:)

onsdag, oktober 22, 2008

Stor gut = stor seng!!

Mathias er blitt så stor at det var på tide med ny seng. Ikkje kva som helst slags seng, men ein racerbil!!! Det var stor stas å vere med å sette den saman, men han vart litt skeptisk når leggetiden kom.. Han sovna etterkvart, men var på plass midt i dobbelsenga kl 02.00.. Håpar det går betre i natt. Han slokna i alle fall når han la seg i kveld, så da gjenstår det å sjå:)



søndag, oktober 19, 2008

Litt dårlig samvittighet..

Skulle prøva å legga ut her ein gong i veka i alle fall, men ser eg har vore sløv i det siste!! Ikkje at det har skjedd så mykje her heller, fotoapparatet har stort sett lege i skapet. Men i dag måtte me dokumentera det nydelig høstværet, me kosa oss ei lita stund ute i 15 varmegrader og sol. Deilig!! Ellers så har me vore på kamp og det smakte godt med 3 poeng idag:)

Ei veka av praksis er unnagjort, tre igjen. Hedigvis er det veldig kjekt, så eg trur tiden kjem til å gå fort! Litt travelt med så lange dagar, ein blir jammen godt vant når ein er student, he, he..

Som sagt har me ingenting nytt å melda herfra, så eg legg ut litt bilder fra helga: