Da var gjestene våre vel heime til Årdal, og Mathias har sove ei god stund allerede. Eg sit her og ventar på Tommy som er på veg heim etter nok eit surt tap på bortebane. No må det snart snu!!! Det blir som de ser lite blogging i veka, så de får ta til takke med nok ein "oppsummering" av veka og helga:)
Besøket vårt kom onsdag, og me hadde gleda oss til fint være og være masse ute og kose oss! Kosa oss har me gjort, men sola kom først i dag:( Typisk!! Me har rukke å ta ein harrytur, og eg kan skriva under på at frysen vart full, he, he.. Trur Hanne og Joacim hadde det trongt mellom alle posane i baksetet på veg heim:) Sjølv om været ikkje var topp fekk me no grilla laurdagen, gooood mat!!
Mathias er så glad når han får familie på besøk, og som vanlig var det trist å sjå dei reise.. Han ville nok helst vore med ein tur til Årdal, og sette seg klar i baksetet! Tårene trilla, men ein dupp i vogna med kosen gjorde susen. Etterpå måtte me ringa og snakka med mormor og morfar og, sånn at han hadde kontrollen på alle:) Må gratulere Sverre med vel overstått, det var bra at pakken passa!!
Me hadde forresten ei nesten-krise på laurdag da ole brumm-kosen forsvant i byen!! Eg fekk litt dårlig samvittighet, for innsatsen for å finna den kunne vel vore bedre.. Derfor vart det ein ny kos på Mathias, så no er det bamse-kosen og klovne-kosen som må vera med i senga!
Litt bilder fra helga: Me kan ikkje ta æren for alle, Joacim har vore ute med kamera han og!! Her ser me den nye sykkelen Mathias fekk hjå farmor og farfar, Mathias og Joacim som studerer pusen bak gjerdet, og litt anna fra helga..






Sjølv om helga er over, blir det ein ekstra kosedag på meg og Mathias i morgon. Det er planleggingsdag i barnehagen, så da har eg teke fri fra jobb og skule så me kan finna på noko kjekt!!
Ha ei fin veka alle sammen!