torsdag, november 26, 2009

RyddePakkeVaskeKasteOrdneReiseFlytte...

He, he.. Sånn ser det ut inni hovudet til meg og Tommy for tiden! Trur me treng ein liten ferie, godt skal det bli å berre slappe av ei heil veke!! Værmeldingen lovar oss regn, men me håpar no på bittelittegrann sol og.. GLEDAR OSS!! Turkameratane våre kjem i morgon allerede, så da får me tid til å sponsa Maxi litt på laurdag;)

Ungane merkar heldigvis lite til stresset, og er like gullete som alltid. Mathias er sta som eit esel(kor KAN han ha det fra??), men som eg skreiv i forrige innlegg så løyser ein telefon til nissen det meste. Lurer på kva me skal true med når jula er over.. Blir tidlig debut på Påskeharen i år kanskje?


Har ikkje vore så flink å teke bilder dei siste dagane, men her er eitt av Malin da ho oppdaga tedn sine på stellebordet. Sidan så har ho lege sånn, til og med om natta. Når ho våknar ligg ho og dreg seg i tåfisen og skravlar og ler. Bra ein av oss er blide på den tida av døgnet..


Tek tidlig helg her i huset, håpar de har lika kjekke planar som oss:) God helg!!!

søndag, november 15, 2009

Snøen som kom og gjekk..


Me fekk ein aldri så liten smak av vinter i går, det var akkurat så Mathias og Tommy rakk å rulle ein snømann før regnet kom.. Så i dag har me vore ute og gått tur med familien Malmström i 8 grader og regn! Det skiftar fort!! Me rusla langs Mjøsa, og åt kake på kafè.. Deilig søndag...

Det er litt rart å drive på å rydde og pakke i kassar no om dagen, vemodig å flytte fra Hamar, huset vårt og alle me kjenner her. Men, me gledar oss masse til å verte sogningar att!!! Så får me tåle ein stressande månad før jul, med alt som høyrer til flytting.. Jula kjem no uansett, heldigvis!!!

Når ein fyrst snakkar om jula, synes eg det var dårlig respons med ønsklister her.. Tydlegvis ikkje mange som fortjener besøk av nissen i år? Har titt og ofte kontakt med han for tiden, sidan det er den einaste trusselen som virkar på Mathias. I kveld stod han på verandaen vår og kryssa av på lista si at Mathias ikkje var heilt grei.. Da var det ein som plutselig vart reine engelen, og da måtte ho mor ringe og sei fra til nissen. Skrekken er INGEN pakker! Håpar den virkar eit par år til;)

Er litt misunnelige på mamma og pappa som ligg og veltar seg på stranda på Tenerife no, men trøstar oss med at det snart er vår tur.. Om ikkje svineinfluensaen tar oss da! Hadde jo vore typisk å bli sjuke akkurat den veka i året!! Men, men..


No får de ha ei strålande veka alle sammen! I måro skal eg prøve å få unna nesten alle julegåvene som er att, og resten av veka går med til småpakking og andre ting som skal gjerast. Tiden går så FORT!!!!

mandag, november 09, 2009

I dag har Malin fått sine første vaksiner, stakkar liten:( Ho vart tre mnd i går, så da er det eit stikk i kvart lår i "premie"!! Nåla er jammen lang, og det var ei rasande frøken som prøvde å kravla ned fra fanget mitt da helsesøster skulle stikka for andre gong.. Heldigvis er ho lett å trøsta, men har vore ein del klaging og sutring i kveld.

Mathias søv så søtt i senga si, etter eit par timar med forhandlingar for å få han til å sove. MTommy:erkelig at det skal vere så anten eller; som regel sloknar han som eit lys i vinden, men har han først bestemt seg for å vere vrang held han ut i det uendelige. Eg ønsker meg TOLMODIGHET til jul...

Apropos ønskelister, her kjem våre!! Fritt fram for alle, he, he.. Dei som har lyst på gaver fra oss får hive inn ein kommentar eller to, eller sende meg ein mail;)

Tommy: Kle, DVD'ar.. (såg det kjent ut el??)
Mathias: Lego (buss, båt, alt egentlig), spel, bøker, klede str 110+, toalettveske, tegne/aktivitets-saker..
Malin: Klede str 74+, toalettveske, BRIO-gåvogn, rammer/pynt til rommet..
Stine: Toppar/gensarar, armbånd, skjerf, bilderammer, interiørting i svart/kvitt/sølv, bøker (siste til Nesbø, Holt, Dan Brown, trioen til Egeland, Twilight-bøkene), ullundertøy i freshe fargar, joggebukse..

Ellers samlar me jo på Rosendal, så skåler både i kvitt og glas, og kaffeservice er supert!!

Så no FORVENTAR eg ønskelister tilbake med ein gong, for gåvene skal gjerast unna før me reiser til Tenerife!!!

Håpar både Janne, Stein Kåre og Willy har hatt flotte bursdagar, HIPP HIPP HURRA og vel overstått:)

Skal få tatt meir bilder og komme sterkare tilbake seinare!! Hejdå:)

torsdag, oktober 29, 2009

Tilbake på Hedmarken..

Ja, no har me vel hatt det moro med passbilder lenge nok? Sidan me kom tilbake frå ein flott Årdalstur i går, passar det vel fint med eit innlegg på bloggen. Eg og ungane har hatt ei super veke blandt dei bratte fjell i vest, familie, masse koselige besøk, god mat og framfor alt bygging av LEGO.
Mamma har vore utrulig flink til å ta vare på alt me leika med når me var yngre, og no hadde ho funne fram legoen. Mathias har ikkje gjort anna heile veka (eller rettare sagt så har ikkje dei vaksne gjort anna), og det var det utruligaste som fremdeles kunne byggast til minste detalj. Morsomt å sjå att gamle leiker:)

Ellers har ungane blitt rimelig bortskjemt med oppmerksomhet fra besteforeldre, oldeforeldre, tanter og onklar!! Mathias har vel hatt gjennomsnittlig to kroneis for dagen, og Malin har gått fra arm til arm. Vel, vel det er nok sånn det skal vere når det blir så sjelden;)

Pappa henta oss på Fagernes når me skulle vestover, deilig å slippe bilturen aleine med ungane! Tommy kom mandag for å hente oss, han hadde plutselig fått eit par uventa fridagar. Situasjonen med fotballen er vel mildt sagt ikkje på topp akkurat no, så det blir nokre spennande veker framover..


No er det helg att allerede, og i morgon er det planlegging i barnehagen. Da lyt me finne på noko koselig heime, for Mathias får besøk av kompisen Kristian. Det blir stas!!! Ha ei flott helg alle sammen!!

fredag, oktober 16, 2009

Moro med passbilder...

Sidan me skal til Tenerife i slutten av November(gledar oss ikkje noko særlig til det, nei..), så må me skaffe pass til dei søte små. No er det sånn at alle må ha pass, til og med nyfødde, så da laut me til fotografen i dag for å ta bilde av både Mathias og Malin. Var litt skeptiske til å få tatt av ein baby på 2 mnd, men det gjekk jo over all forventning:) Så her er resultatet:

Mathias manglar berre nummeret under, så hadde det vorte eit ekte etterlystbilde!!

Når mathias var liten prøvde me oss på eit bilde i fotoautomat då han skulle på sin første sydentur, og det resultatet vart sånn:

Morsomt:) Ser rimelig gal ut ho i bakgrunn;) Fotografen tok eit som var bedre, og jammen er dei like gullisane våre:


Blir masse bilder denne gongen, men må nett vise fram barnehagebildet Mathias tok i haust, vart fint! Eit lite "uhell" gjorde at antrekket vart litt fargerikt:)


God helg folkens, no er det natta her på Hedmarken!!!

torsdag, oktober 08, 2009

Nok eit jubileum...

Malin er heile 2 mnd i dag!! Ser så godt at ho er blitt eldre, ho begynnar å bli litt meir "solid" og smilet er ofte på lur. Godjenta vår!!! I anledning dagen har me hatt fotoshoot på golvet, og me fekk eit par fine bilder:




No har me faktisk hatt over 10 000 treff på bloggen vår, jammen har me ivrig familie;)Men, det er morsomt at de er inne og kikkar og legg att koselige kommentarar til oss. Sat lenge og såg på gamle innlegg forrige dagen, blir jo nesten som ei dagbok over dei siste åra.. Kjekt å sjå tilbake på både innlegg og kommentarar!

No går det seg mot helg, håpar de har noko kjekt planlagt! Eg og Malin skal på trening i måro, før heile familien skal 1-års dag til søte Aida. Ellers blir det å slappa av, før Tommy reiser til Notodden laurdag og skal spele kamp der søndag.

Klem klem.

mandag, oktober 05, 2009

Mandag nok ein gang..

Enda ei super helg med besøk har flydd avgarde.. Skulle ønska me kunne treffast oftare, men sånn er det no!! Mathias og Matheo leika så fint i lag, ikkje ein einaste krangel på fire dagar! Og Malin stortrivdes med ekstra oppmerksomhet:)

Me har ikkje styra og stressa med å finna på så mykje, men kosa oss heime. Ein liten tur på lekeland på laurdag (elendig vær!!) var populært, ellers har gutane aktivisert seg sjølv. Tommy reiste til Haugesund laurdag, men kampen gjekk skitt!!


Så, no er veka igang igjen. Skulle begynne eit nytt og bedre liv uten godteri midt i veka, men så var det att så masse fra helga.. Uff, får prøve igjen neste mandag;)

God veka til alle!!!

søndag, september 27, 2009

Koseleg helg:)

Da sat me her på søndagskvelden, etter nok ei helg med masse koseleg besøk!!
Merkeleg kor stille det blir i huset når alle er reist og ungane har lagt seg...
Oddny, Stein Kåre, Kirsten og Håvard har vore her i helga, og me har fått nyt herlig haustvær. Deilig med sol og varme!! Både Mathias og Malin har fått masse oppmerksomhet, og fine presangar. Bortskjemte rompetroll begge to!
I dag kom Elise, Malene og Monica på besøk og, så utrulig kjekt å sjå dei att! Blir alt for lenge mellom kvar gong:(

Første del av veka vert rolig, ingen spesielle planar på tapetet utanom ein VIKTIG kamp på tirsdag.. Da lyt me trekka i grønt og heia på Briskeby! Kryss fingrane alle mann..

Så eit par bilder av småttisane, Malin er blitt så stor og Mathias er stolt (og av og til litt intens) storebror..


Torsdag kjem Janne, Ronny og Matheo fra Bergen, og det skal bli stas:)Me må forresten gratulera mamma og pappa med bryllupsdagen i dag, ikkje værst å ha holdt ut i 29 år;)

No lyt eg komma meg til sengs, må vera klar til mini-matvraket skal ha påfyll... Natta:)

lørdag, september 19, 2009

Brannmann Mathias!

Når Mathias blir stor skal han bli brannmann, rørleggar og køyra søppelbil(!), så i dag tok me oss ein tur på åpen dag på brannstasjonen for å sjå om det var noko morsomt der. Og det var det jammen!! Me gjekk rebusløp, klatra i brannbåt og på brannbil, åt bollar, drakk jus og sist men absolutt ikkje minst: KØYRDE BRANNBIL!!! Det var stor stas, og Tommy og Mathias fekk til og med sitta framme:) Har ikkje heilt trua på at dette blir framtidig yrke, for Mathias turde verken holde i vannslangen eller vere med på slokke brannen... Men, men, her er i alle fll litt bilder fra dagen:

Malin sov seg gjennom hele brannstasjon, og har stort sett vore i strålande humør i dag! Ho likar godt å ligge på golvet og studere omgivelsane, men synes nok at storebror er vel klengete av og til.. Han klarar liksom ikkje la vær å nusse ho HARDT eller stappe smokken inn i munnen når ho ikkje vil. Er vel godt meint!

torsdag, september 17, 2009

Jakten på smilet...

Etter eit par veker med forsiktig smiling, er Malin dei siste dagane begynt å smile på ordentlig!!! Ho lagar god lydar og pratar i veg, mens ho smiler og smeltar oss fullstendig.. Men, problemet er å få det på kamera!! Tok sikkert hundre bilder i går, og klarte det berre nesten.. Her ser de i alle fall eit lite eit:


Me har vore på helsestasjon på 6-vekers kontroll i dag, og det gjekk veldig bra. Malin veks og legg på seg bra, nesten 5 kg allerede:) Stolt mamma som trilla ut att!
No ligg ho utslått i vogga og gliser i søvne, planlegg nok sitt neste måltid.. Ellers er det ingenting nytt her på solfyllte(!) Hedmarken, håpar de har det bra alle sammen:)

søndag, september 13, 2009

Søndagsmoro!!

Etter ei fin helg med fri, kos heime og masse soving måtte Tommy på trening igjen på ettermiddagen i dag. Sidan Malin er blitt litt snørrete ville me holda oss inne fra all vinden, så eg og Mathias måtte finna på noko kjekt innandørs. Me bestemte oss for å testa ut den nye ansiktsmalingen vår. Det var stor suksess:) Først vart Mathias ei skummel løva:

Før han gjekk fullstendig berserk i ansiktet mitt:


Om det var vanskelig å sjå, skulle eg forestille ei marihøne:) Syns han var flink, eg!!! Tiden gjekk i alle fall fort, og malingen var lett å vaske vekk!!!

Flott veka til alle sammen...

tirsdag, september 08, 2009

Malin 1 mnd!!

Med fare for å bli ein ivrig(!) bloggar, slår eg til med eit innlegg i dag og.. For i dag er Malin ein heil månad gammal allerede (shit, berre 11 mnd til eg skal jobba att), og da lyt me legga inn eit bilde.. Så her er godjenta 1 mnd og på grammet 1 kilo meir enn ho var då ho var fødd! Lik på sin bror, eller hur?



No er me aleina att etter at mamma reiste i går, og så har me hatt besøk frå Måløy frå i går til i dag. Kjempekoselig å sjå Camilla, Kjetil og ungane att, og HELDIGE dei som sit på terassen i Spania og drikke vin akkurat no.. Vel, me får rigga oss til under pleddet med noko heitt i koppen og lata som det ikkje er haust! Noe er det snart Gray's, presterte å glømma episoden i går..

Ha ei fortsatt fin veka!!!

søndag, september 06, 2009

Summer is back!!!



I alle fall for ein dag:) Har vore så fint at me kunne sitta ute i t-skjorte, deilig!!! Mamma, Mathias og Malin gjekk lang tur og kjøpte is mens eg låg inne og sov.. Godt med eit par timar ekstra søvn sjølv om Malin er grei og søv godt om nettene. Mamma har vore her heilt sidan torsdag, og me har kosa oss!! I går hadde me besøk av Helene og Hendrik og, veldig kjekt!!



Tommy har vore i Moss for å spela kamp, men kom nok att utan poeng i dag og.. Kjedelege greier!! Heldgvis er det att ein del kampar før ting er avgjort enda.



I dag tenkte eg at me skulle prøve å gi Malin flaske, og lova Mathias at han skulle få gi ho. Han sette seg til, stappa flaska inn og jammen tok ho den med ein gong! Mathias var veldig stolt fordi han hadde "melka" Malin, he, he..



Ellers blomstrar søskenkjærligheten for tiden, ikkje alltid til like stor glede for Malin. Hardt å vere liten når storebror skal nusse, nusse og nusse heile tiden, særlig når ein ligg og søv og anar fred og ingen fare!!

mandag, august 31, 2009

Nye bilder..



Ja, må innrømma at me ikkje tek heilt så mange bilder no, som me gjorde da Mathias vart fødd.. Får skulda på at Malin søv litt meir enn det han gjorde! Eller at det kanskje er litt meir hektisk med to? Litt usikker der, he, he.. Her er i alle fall eit par nye. Som de ser er Malin på veg til å gro eit par nye haker, og Mathias er i full vigør som vanlig. Ellers er han på veg til å bli kraftig bortskjemt på oppmerksomhet, da mamma og pappa leikar dobbelt så masse med han for å bøta litt på samvittigheten. Einaste gongene eg sit på rompa er når Malin får mat (og det får ho heldigvis ganske ofte, he, he..), men babylivet er supert!!

tirsdag, august 25, 2009

Bladene detter av, no nærmar det seg høst!!

Ute fell blada av trea, høsten er komen, men me sutrar ikkje av den grunn. Tempraturen og været er fortsatt fint so me kosar oss ute.

Helga var nydeleg og kosleg var det me besøk fra Hanne og Joacim. Dagane går so fort at ein rekk ikkje altfor mykje på ei helg. Derfor vart det ei lat helg på alle der kvalitetstid inne vart prioritert. Den nye tulla vår får den meste av oppmerksomheten no, men Mathais taklar dette kjempefint. Han er ein snill storebror som er me på å hjelpa her heime. Fredag var han me å laga mat, og han er flink å kutta opp agurk og paprika. Bading og stell av Malin er han og med på.
Lørdag var det fint vær so då var han me onkel og tante ein tur i barnehagen, der fotball og huska vart flittig brukt.


Ei stolt tante..


Onkel Joacim og Tante Hanne me Malin


Mathias scorar du ikkje på!!

fredag, august 21, 2009

Gullisane våre...

Det tek ikkje lang tid før ein blir vant til nye rutinar, og jammen føles det som me har vore 4 lenger enn i to veker.. Litt uvant med nattevåk igjen, men det ser ut som det er berre meg og Malin som merkar noko til det. Dei to andre purkar og søv som vanlig:)

Tommy er ikkje heilt frisk att enda, så det spørs om det er ein liten gris som har vore og smitta han.. Men, hittil er ingen av oss andre blitt sjuke heldigvis! Får slappa av eit par dagar til, så er han nok frisk og rask snart.

Mathias syns det er veldig stas når Malin kjem på besøk på rommet hans, og me tok litt bilder mens dei kosa seg der inne i går:







Malin må nok tåla litt hardhendt behandling , så ho blir vel herda med tida. Ikkje så lett å skjønna at ein må kosa forsiktig, når det er bedre å ligge langflat oppå ho. Men, det er jo godt meint;) I går var ho med meg på skulen heile dagen, og me høyrde ikkje ein lyd fra ho. På kveldane er ho litt meir urolig, så ho har nok litt vondt i magen av og til:(

I helga er me klare for litt besøk att, Hanne og Joacim kjem i kveld. Det blir veldig koselig, så det gledar me oss til! Håpar de får ei flot helg alle sammen:)

fredag, august 14, 2009

Første dagane heime..

Tusen takk for koselige kommentarar her:) Dagane går så fort og i måro er jammen Malin 1 veka gammal allerede. Føles som i går me sat i bilen til Elverum og håpa at det var fødselen som var i gang!!!

Malin er så klart verdens finaste jenta: sove, ete og ligge og ser på oss med store auge. Lure nok sikkert på kva for eit galehus ho er kommen til.. Ingen kunne vore meir stolt storebror enn Mathias, så enn så lenge går det fint å dele på oppmerksomheten. Her er eit par bilder fra dei siste dagane:



lørdag, august 08, 2009

Malin er født!!




Her er Malin. Ho var 3,6 kg og 51 cm, og alt står bra til..

onsdag, august 05, 2009

Da var terminen både komme og gått...

..men det kom jo ikkje som nokon stor overraskelse på oss!! Fint lite å få gjort med det, så me får berre prøva å få dagane til å gå. Alle tre har vore litt småskrantne, med vondt i halsen og hoste. Tommy litt slappare enn oss andre, så han er nok sikker på at det er svineinfluensaen;)

Mathiasen likar seg veldig godt på Humla, og herjar på der om dagane. Skravla går i EITT for tiden, kan ikkje fatta og begripa kem han har det etter. Men, morro er det å høyra alle gullkorna han plukkar opp fra voksne og gjengir på sin eigen måte.. Me må passa på og hugsa på at "små gryter har stooooooore øyrer", for han har antennene ute uansett kva han drive med.

Eg har kjøpt nytt kamera, og er fornøgd så langt. Må ha eitt som går i veska og, veit de!! Lenge leve handlegalskapen:) Kanskje fleire som kjenner seg att der?? Ikkje tatt så mykje bilder enda, men trur kvaliteten blir bra..



Så har eg eit spm til dei som har peil.. Har fått videoar fra kameraet inn på pcen, men korleis får eg det inn på bloggen?? Prøvd, men det tok HIMLA lang tid, og etter ein halvtime er beskjeden FAILED ganske bånn å få... Anyone??

Ellers er huset nyvaska og baggen pakka, så no er me ganske klare for litt action. Litt rart å sitte å håååpe på å å få vondt og ha det jævlig, egentlig.. Håper det ikkje drøyer så lenge at eg må vaske huset ein gong til, he, he..

Ha ei fin veka, de høyrer i fra oss:)

tirsdag, juli 28, 2009

Lange dagar i vente...

Da var ferien over for oss alle, og Mathias hadde sin første dag som Humlegutt i går. Trur ikkje han merka så stor forskjell enda, men blir nok anleis når alle dei som fremdeles har ferie kjem tilbake! Han fekk i alle fall ny plass i den store garderoben OG la frivillig att kosen og smokken heime i senga:)



Oddny og Stein Kåre reiste att i går, dei har vore her i helga sidan Tommy skulle til Tromsdalen og spele kamp. Resultatet treng me ikkje snakke om, me går rett vidre og håpar på seier neste helg;) Uansett, dei var her i tilfelle noko skulle skje, f.eks fødsel.. Yeah right! Blir nok eit par-tre lange veker framover no, med berre venting, venting og atter venting.. Akkurat ei veke til termin i dag, men kjennes ikkje nærare ut av den grunn! Magen begynnar å bli stor:



Søndag var Mathias med farmor og farfar ein tur på Glomdalsmuseet på Elverum for å sjå litt på dyra og det andre som var der:



Til slutt eit bilde av dei to tullingane mine:)



Ha ei flott veka alle sammen, no skal eg ta med meg lunchen ut i SOLA (ja, de leste riktig!!!!) og kanskje vagge ein liten tur...